Ein del av E-resept

E-resept, ei løysing for elektroniske reseptar gjennom heile kjeda. Innført frå 2013 hos fastleger, avtalespesialister, legevakter, apotek og bandasjist. FEST forsyner alle delar av reseptkjeda i e-resept med kvalitetssikra og oppdatert legemiddelinformasjon. Datastrukturen gjer det mogleg med ein rik funksjonalitet i dei ulike brukersystema.

Hos legen

FEST gir ein unik sjanse til å gi tilpassa legemiddelinformasjon når legen skriv ut reseptar. Informasjonen blir lastet ned til legens elektroniske pasientjournal, og gir oppdatert informasjon om for eksempel pris, refusjon via blå resept eller om legen må søke spesielt for å forskrive dette legemiddelet.

Tenesta gjer det òg mogleg å varsle legen om nye biverknader og leveringsvanskar i apotek. FEST gjer det enklare for legen å forskrive riktig legemiddel.

På sjukehuset

I dag brukar sjukehusa ressursar på eigne legemiddelregister. Samtidig kommer stadig nye legemiddel på marknaden, og reglane for refusjon og bruk av legemidla vert endra. Det er ei ressurskrevjande og vanskeleg oppgåve for sjukehusa å halde systema sine oppdaterte. FEST tilbyr oppdatert legemiddelinformasjon til alle sjukehus og arbeider med å dekke fleire behov for spesialisthelsetenesta.

Hos apotek og bandasjist

Systemet til apoteket, FarmaPro, mottar informasjon om legemidla sine og andre apotekvarer frå eit vareregister utarbeidt av Farmalogg. Farmalogg og FEST synkroniserer opplysningane, slik at informasjon om dei samme legemidla finst i begge systema.

Bandasjistar sel varer som vert brukte ved inkontinens, stomi og diabetes, samt brystproteser, kateter og ernæringspreparat til klinisk bruk. Frå FEST mottar bandasjistar informasjon om dei varane som har refusjon. Denne produkt- og prislista vert utarbeidt kvart kvartal av Helsedirektoratet.

Hvilke varer finnes i FEST

FEST inneholder varer som kan forskrives/ordineres i Norge:

  • Legemidler med markedsføringstillatelse i Norge
  • Legemidler produsert i sykehusapotek
  • NAF-preparater
  • Uregistrerte legemidler
  • Kosttilskudd som selges på apotek
  • Handelsvarer med refusjon (medisinsk forbruksmateriell, næringsmidler, brystproteser)

Samlar data frå fleire kjelder

Legemiddelverket har ikkje heile datagrunnlag hos seg, og samarbeider derfor med andre leverandørar for å få eit så godt datagrunnlag som råd. Vi samarbeider med blant anna Helsedirektoratet, HELFO og Farmalogg om utveksling av informasjon.

Kven bruker FEST i dag?

FEST brukast av allmennlegesystema i Norge, system innan kommunal pleie og omsorg og nokre system i sjukehus. Veterinærsystemar bruker også FEST.

Ønskjer du å bruke FEST?

Publisert: 07.06.2016