Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Biverknader og råd om bruk av plantebaserte legemiddel

Publisert:

Endringer

Produkt kan ha uheldige effektar sjølv om dei kjem frå naturen. Som oftast er biverknadene av plantebaserte produkt milde. Dei fleste matvarer kan gi lette plager med magen eller allergiske reaksjonar, og det gjeld òg denne typen produkt.

Innhold på siden

    Rapporteringa av biverknader for denne typen produkt er meir mangelfull enn for legemiddel som blir skrivne ut av lege. Det vil seie at vi veit mindre om biverknader av plantebaserte legemiddel enn vi veit om andre legemiddel. Nokre plantebaserte legemiddel har fleire biverknader enn andre, og nokre grupper av pasientar er meir utsette for biverknader enn andre på grunn av alder, legemiddelbruk eller spesielle helseproblem.

    Kven er mest utsett for biverknader av plantebaserte legemiddel og liknande produkt?

    Mange urter har vore brukte gjennom hundrevis av år. Likevel kan uventa effektar oppstå fordi folk brukar langt meir medisinar enn tidlegare. Har du spesielle helseproblem, kan du vere meir utsett for alvorlege biverknader ved bruk av plantebaserte legemiddel og liknande produkt (naturmiddel, helsekostpreparat, etc.). Dette gjeld personar med:

    • allergiar

    • alvorlege sjukdomar

    • redusert nyrefunksjon

    • redusert leverfunksjon

    • transplantasjonar

    • høg alder (eldre)

    Brukar du andre legemiddel eller har spesielle helseproblem, bør du rådføre deg med lege om bruk av plantebaserte legemiddel, naturlegemiddel og liknande produkt.

    Kan gravide og ammande bruke plantebaserte legemiddel?

    Vi manglar som regel grunnlag for å seie om det er trygt for gravide og ammande å bruke slike produkt. Nokre urter kan vere skadelege for desse gruppene, og dei bør berre bruke naturlegemiddel etter råd frå lege.

    Kan barn bruke tradisjonelle plantebaserte legemiddel?

    Pakningsvedlegget som følger med fortel tydeleg kva aldersgrupper som legemiddelet er godkjend for. Nokre plantebaserte legemiddel kan òg brukast av barn dersom det er undersøkt at dette er trygt i studiar og gjennom lang brukstradisjon. I nokre tilfelle er legemiddelet berre godkjend til bruk hos vaksne, det vil seie frå 18 år og oppover, fordi vi manglar informasjon som stadfestar at produktet er sikkert.

    Kvifor skal ein vere forsiktig med å kombinere plantebaserte legemiddel/kosttilskot med andre legemiddel?

    Biverknadsmeldingar og forsking gir oss stadig meir informasjon om kva urter som forsterkar eller reduserer verknaden av andre legemiddel. Du bør snakke med legen din dersom du brukar plantebaserte legemiddel eller kosttilskot samtidig med andre legemiddel. Legen kan gi deg råd ved å vurdere legemidla du brukar og om du har spesielle helseproblem som ein må ta omsyn til. Det finst lite informasjon om kva legemiddel som ikkje bør brukast i kombinasjon med plantebaserte legemiddel eller kosttilskot. Vi veit likevel nok til å kunne gi nokre generelle råd om kva ein bør gjere.

    Johannesurt (prikkperikum) er den urta vi veit mest om når det gjeld effekt på andre legemiddel, men òg andre plantebaserte legemiddel, matvarer, helsekostprodukt, alkohol og andre stoff frå naturen påverkar effekten av nokre typar legemiddel.

    Dette er nokre eksempel på kombinasjonar som ein bør unngå:

    • Inntak av grøne grønsaker eller mykje kvitlauk, plantebaserte produkt med ginkgo biloba, tranebær etc. kan påverke effekten av det blodfortynnande legemidlet Marevan.

    • Grapefruktjuice kan òg påverke korleis levra omdannar mange legemiddel slik at dei ikkje vert skilde ut like fort og effekten blir sterkare. Det mest kjente eksemplet er kalsiumantagonistar som vert brukte for å redusere blodtrykket, men også andre legemiddel som statinar og immunosuppresivar kan få forsterka effekt.

    Kvifor bør ein ikkje bruke johannesurt (prikkperikum)- produkt samtidig med andre legemiddel?

    Johannesurt-preparat påverkar korleis levra omdannar mange legemiddel. Johannesurt bør derfor som hovudregel ikkje kombinerast med andre legemiddel. Interaksjonar er på same måte som biverknader òg avhengig av dosen. Risikoen varierer med dosering og mellom ulike ekstraktar, så ver alltid forsiktig med å kombinere legemiddel og johannesurt-preparat.

    Sjå monografi og utgreeingsrapport for johannesurt på nettsida til dei europeiske legemiddelstyresmaktene.

    Monografien er eit oversiktleg dokument for både publikum og helsepersonell, og inneheld den same informasjonen som finst i pakningsvedlegg og preparatomtalar.

    Kva for legemiddel er kjend for å få redusert verknad i kombinasjon med johannesurt?

    Desse legemidla får redusert effekt i kombinasjon med johannesurtpreparat:

    • immunosuppressive middel (ciclosporin, tacrolimus)

    • blodfortynnande legemiddel (warfarin)

    • HIV-middel (f eks saquinavir, nevirapine)

    • digoxin

    • teofyllin

    • litium

    • epilepsimedisinar

    • prevensjonsmiddel (p-piller, p-stav, p-plaster, p-injeksjon)

    Bruk av johannesurt saman med p-piller kan medføre gjennombrotsblødingar og graviditet.

    Kan johannesurt også auke effekten av legemiddel?

    Nokre antidepressive legemiddel (serotoninreopptakshemmarar, SSRI'er) og middel mot migrene (triptanar) kan gi ein forsterka effekt, og alvorlige biverknader kan oppstå.

    Kvifor unngå plantebaserte legemiddel før operasjonar?

    Ikkje bruk slike middel 1-2 veker før ein operasjon, fordi produkt med urter kan påverke blødingar under operasjonar. Eksempel på urter som er kjent for å gi økt blødingstid er:

    • ginkgo biloba

    • ginseng

    • johannesurt

    • ingefær