​​​Pakningsvedlegg og preparatomtale

Du finn informasjon i pakningsvedlegget som ligg inni pakninga til kvart legemiddel. Pakningar med naturlegemiddel og plantebaserte legemiddel skal merkast på same måte som andre legemiddel. Du kan også lese preparatomtalen i vår database for legemiddel. Finn du ikkje svar på spørsmål om preparatet i pakningsvedlegget eller preparatomtalen? Da bør du ta kontakt med lege eller farmasøyt på eit apotek før du byrjar å ta legemiddelet.

Monografiar

Monografiar er utarbeidde på bakgrunn av vurderingar av informasjon om kva  stoff plantane inneheld, studiar og tradisjonell bruk. Ein monografi skildrar kva forholdsreglar ein bør ta ved bruk av desse plantebaserte legemidla. Monografiar skal brukast til å forenkle godkjenningsprosessen og betre produktinformasjonen for plantebaserte legemiddel i EU-/EØS-land. Dei ligg på heimesida til EMA (European Medicine Agency, Det Europeiske Legemiddelkontoret).

Her finn du oversikt over monografiane og aktuelle urter

  • alfabetisk (latinsk namn)
  • sortert etter bruksområde
  • via nøkkelordsøk

Andre kjelder

Nasjonalt informasjonssenter for alternativ behandling (Nifab) er ei informasjonsteneste for publikum og gir informasjon til brukarar av alternativ medisin på nettstaden www.nifab.no. Nettsidene gir informasjon om ulike behandlingsformer, aktuelle urter og regelverk som gjeld kosttilskot og plantebaserte legemiddel.

Matportalen (Mattilsynet si publikumsside) er ein annan nyttig nettstad med informasjon om plantebaserte naturprodukt som blir marknadsført som kosttilskot. Du finn óg informasjon om kosttilskot på heimesida til Mattilsynet.

Publisert: 23.06.2016

​Fant du det du lette etter?