​​​Avstanden til apotek skal til vanleg vera minst 10 kilometer, men det vert òg teke omsyn til lokale  tilhøve. Det er høve til å ha fleire medisinutsal på same stad og som dermed konkurrerar om dei same kundane.

Medisinutsala skal likevel leggjast ned dersom det kjem apotek på staden (apotekloven § 2-7 a). Apoteket sitt medisinutsal går fram av konsesjonsvedlegget. Merk at løyvet til medisinutsal ikkje gjeld ei bestemt forretning, men tillet medisinutsal innan eit bestemt område – i praksis oppgitt som poststaden.

Oppretting av medisinutsal

Det er apotekkonsesjonær som skal søkje om oppretting av medisinutsal, men detta kan verta delegert til apotekaren. Søknaden skal opplysa om:

  • stadsnavn: kommune og poststad, eventuelt nærare opplysningar om stad.
  • avstand til næraste apotek; navn på apotek og avstand i kilometer

Er avstanden mindre enn cirka 10 kilometer, skal søkjar gi ei særskilt grunngjeving som bør fylgjast av ei vurdering frå kommunelegen.

Ved overtaking av medisinutsal er det nok at det vert gjeve melding om dette, jf. apotekforskriften § 51. Ei slik melding skal underteiknast av begge apoteka; både tidlegare eigar og ny eigar. Merk at det er tillate å oppretta konkurrerande medisinutsal.

Nedlegging av medisinutsal

Apotek kan nedlegge medisinutsal, og skal då sende melding til Legemiddelverket om dette seinast 3 veker før planlagd nedlegging. Legemiddelverket kan pålegge apoteket å oppretthalde eit medisinutsal på staden dersom dette medisinutsalet er særleg viktig for den lokale legemiddelforsyninga. Dette vil antakeleg berre vera aktuelt i område der det er svært langt til næraste apotek og det ikkje er andre medisinutsal i området. Apotek bør derfor ta kontakt med Legemiddelverket i god tid før ei planlagd nedlegging av medisinutsal dersom det er langt til næraste apotek (anslagsvis over 50 kilometer). 

Eige meldeskjema finst ikkje.

Nytt system fra mars 2017

Nytt system for innsending av søknader og meldingar frå mars 2017.

Publisert: 28.06.2016