​​​​​Informasjon om opningstider som er meldt til Legemiddelverket i samband med rutinemessig kartlegging av apotek oppfyller krava om melding. Apoteket må sjølv se til at eventuelle seinare endringer vert meld til Legemiddelverket.

Apoteket må se til at kundar og den lokale helsetenesta er godt informert ved kortvarig innskrenking av opningstida, for eksempel på grunn av høgtider eller ombygging av lokala. Apoteket må òg vurdere om redusert opningstid har mykje å seie for legemiddelforsyninga. Det avhenger av om andre apotek i nærleiken har ope og stenging av (alle) apotek i samband med langhelger (jul, påske) i område utan apotekvaktordning.

Når eit apotek vel å halde stengt julafta, nyttårsafta og/eller påskeafta kvart år, vert dette rekna som normal opningstid for apoteket. Apoteka skal ikkje søkje om å halda stengt på slike dagar. Gjennom den generelle meldeplikta skal apoteka gi informasjon om at dei held stengt desse dagane. Den lokale helsetenesta og publikum skal på hensiktsmessig måte bli orientert om opningstidene, medrekna kortvarig stenging av apoteket..

Lovverk: apoteklova § 5-2 og apotekforskrifta § 25

Oppdatert: 26.01.2017

Publisert: 28.06.2016