​​​Driftskonsesjonen til apoteket er gitt på grunnlag av den til ei kvar tid godkjende teikning eller beskriving av lokalet. Vesentlege endringar i apotekanlegget skal følgeleg godkjennast av Legemiddelverket (apotekforskrifta § 19). 

Søknad om ombygging 

Søknad om slik ombygging skal fremjast av apotekaren (gjeld òg filialapotek). Det vil seie at godkjende endringar inneber nytt grunnlag for å vurdere om ei ytterlegare ombygging er "vesentleg". På same måte vil fleire mindre endringar som kvar for seg ikkje utløyser plikt til å søkja, til slutt innebere ei "vesentleg" endring samanlikna med den opphavlege teikninga. Det er inga konkret grense for kva som er "vesentleg". Men ei total ombygging av publikumsdelen vert rekna som vesentleg og skal dermed godkjennast. Apotekar og apotekkonsesjonær må sjølve vurdere om endringa (eller fleire mindre endringar samla) utløyser plikt til å søkje godkjenning. Apotekaren skal som driftsansvarleg underteikne slike søknader.

Generelt skal Legemiddelverket godkjenne lokalendringar som negativt påverkar:

  • sikring av lokala
  • tilgjengeligheit for bevegelseshemma
  • mogelegheit for fortrulege samtalar med kundar
  • evna til sikkert ekspedisjonsarbeid
  • forsvarleg oppbevaring av legemiddel

Søkjaren skal leggje ved ei teikning som viser korleis apoteket vert etter ombygging. Av teikning eller kommentarar til teikninga må dei same opplysningane framgå som vert kravde for godkjenning av nyanlegg - sjå nærare detaljar i rettleiar til søknadsskjema for driftskonsesjon. Dersom endringane berre omfattar delar av lokalet er det nok å beskriva den delen av lokalet som er endra, og kva konsekvensar dette vil få for lokala totalt. Oppgje alltid arealet av lokala (brutto og/eller netto).

Universell utforming

Publikumssona, herunder inngangspartiet, skal vere tilpassa bevegelseshemma kundar. Publikum skal ha tilstrekkeleg muligheit til å kunna sitja i eller like ved publikumsrommet (Apotekforskriften § 21).

Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken har gitt ut ei temarettleiing for universell utforming av byggverk og uteområder (HO-3/2004). Rettleiaren gir blant anna merknader til forskrift 22. januar 1997 om krav til byggverk og produkt til byggverk (teknisk forskrift). I teknisk forskrift § 10-21, heiter det at "der det er nødvendig av hensyn til byggverkets forutsatte bruk skal kommunen kreve at atkomsten tilrettelegges for orienterings- og bevegelseshemmede."

Teknisk forskrift seier og at orienterings- og bevegelseshemma skal òg komme seg fram til og omkring inne i eit lokale tenkt for publikum: "Byggeverk for publikum skal ha en planløsning, størrelse og fordeling av rom som gjør det mulig for orienterings og bevegelseshemmede å komme til og å bruke alle de deler av byggverket som skal være tilgjengelige for publikum." (§ 10-31).

Legemiddelverket stiller desse krava til eit apoteklokale:

  • Dører skal vera lette å sjå, bruke og opne. For eksempel bør tunge dører ha automatiske døropnarar.
  • Inngangen og publikumssona skal vere utan trinn og terskel
  • Planløysinga skal vera utforma slik at publikum som kjem til lokalet lett kan orientere seg. Det vil mellom anna seie god merking og belysning.  
  • Orienterings- og bevegelseshemma skal ha tilgang til alle sjølvvalsreolar i apoteket
  • Passasjar skal ha ei fri breidde på minst ein meter
  • Det skal vere tilstrekkeleg plass (minst 1,5 x 1,5 meter) til å snu ein rullestol der dette er naturleg  

​Lov- og regelverk

Nytt system fra mars 2017

Nytt system for innsending av søknader og meldinger fra mars 2017.

Oppdatert: 26.01.2017

Publisert: 28.06.2016