​​​​Bakgrunn

Det følgjer av forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler fra apotek at reseptpliktige legemiddel som i avgrensa mengde er unntatt reseptplikt, kan utleverast utan resept, jf. § 10-1

Statens legemiddelverk understrekar at dei aktuelle legemidla er reseptpliktige. Unntaket frå reseptplikt vert gitt etter avveging av føremonn og uheldig verknad. Særlig vurderer ein den forenklinga reseptfridom medfører for pasientane opp mot risiko for feilbruk. Pakningsstørrelsen har vore eit vesentleg moment i risikovurderinga. På denne bakgrunnen har regelen om mengdeavgrensing vore tolka slik at ein som hovudregel berre skal utlevere ein pakning som er unnateke frå reseptplikt.

I mange situasjonar kan ei slik tolking verke lite føremålstenelig. Den enkelte kan lett kjøpe fleire pakningar ved å oppsøkje fleire apotek eller andre utsalsstader som sel slike legemiddel. Statens legemiddelverk er klar over dette, men meiner likevel at det skal vere ei avgrensing av mengda legemiddel som kan utleverast. Vi meiner at mengdeavgrensinga er ei viktig melding til forbrukarane om at dei aktuelle legemidla må berre brukast over ein kort periode.

Legemiddelverket si vurdering

Legemiddelverket tolkar reglane slik at apoteket vanlegvis berre skal selje eller utlevere ei pakning som er unntaket frå reseptplikt. Legemiddelverket meiner likevel at apoteka kan gjere unntak frå hovudregelen i det enkelte høve så lenge krava til forsvarleg utlevering av legemiddel er oppfylte. Tilsette i apotek er i alle tilfelle underlagt krava til å opptre forsvarleg i helsepersonellova. På bakgrunn av dette kan apoteka etter grunngjeving frå den enkelte kunde selje eller utlevere fleire pakningar når dette vert rekna som fagleg forsvarleg. Apoteket skal etter Legemiddelverket si meining ikkje tilby pasientar å kjøpa fleire pakningar.

Apoteket si plikt til aktsemd

Apoteka har plikt til aktsemd ved all utlevering av legemiddel. Særleg aktsemd gjeld til dømes ved:

  • utlevering av legemiddel til mindreårige.
  • fare for feil- eller misbruk.
  • i tilfelle der apoteket kjenner til sjukdommen eller medisinbruken til pasienten og der visse reseptfrie medisinar kan virka særleg uheldig.
  • medisinske tilstandar der apoteket vurderer at pasienten bør oppsøke lege på grunn av symptom som hovudverk som ikkje blir betre, sterke magesmerter, langvarig hoste eller høg feber.

Apoteket skal ha rutinar

Legemiddelverket legg til grunn  at apoteket har rutinar som sikrar at personalet er kjent med korleis avgrensingar i sal eller utlevering skal praktiserast og den aktsemda som apoteket skal vise ved all utlevering av legemiddel. Driftskonsesjonæren har ansvaret for at rutinane til apoteket halder krava i apoteklova. Den einskilde medarbeidaren har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at legemiddel vert utleverte på ein forsvarleg måte.

Medisinutsal

Retningslinjene gjeld i utgangspunktet òg medisinutsal. Korleis medisinutsalet skal handtere utlevering av legemiddel som i avgrensa mengde er unnateke frå reseptplikt må gå fram av dei skriftlege retningslinjene som skal gjelde i medisinutsalet jf. apotekforskriften § 56. Til dømes kan desse retningslinjene seie at berre visse legemiddel kan utleverast i større mengde.

Oppdatert: 05.12.2017

Publisert: 20.07.2016

​Fant du det du lette etter?