​Bakgrunn

Netupitant/palonosetron (NEPA) er ein oral, fast kombinasjon av NK-1 inhibitoren netupitant (300 mg) og 5-HT3 inhibitoren palonsetron (0,5 mg). NEPA motverkar både akutt og forseinka kvalme og oppkast i samband med moderat og høgemetogen kjemoterapi ved kreftbehandling. 

Studiar har vist at NEPA er effektiv mot kvalme og oppkast forårsaka av cytostatikabehandling, og har tilsvarande effekt som dei andre NK-1 + 5-HT3-kombinasjonane. Søkjer har difor levert ei kostnadsminimeringsanalyse som byggjer på at NEPA har likeverdig effekt som aprepitant (Emend) i kombinasjon med ondansetron. Legemiddelkostnadane for NEPA er tilsvarande eller lågare enn dagens tilgjengelege alternativ. I tillegg er NEPA eit enklare legemiddelregime med berre ein enkelt kapsel som skal takast 60 min før oppstart av kjemoterapi.

Etter ei totalvurdering meiner Legemiddelverket at det er sannsynleg at behandling med Netupitant/palonosetron (Akynzeo) oppfyller kriteria for førehandgodkjend refusjon.

Les refusjonsvedtaket for Akynzeo.

Refusjonsberettiga bruk

Førebygging av akutt og forseinka kvalme og oppkast i samband med sterkt emetogen cisplatinbasert cancer kjemoterapi. Førebygging av kvalme og oppkast i samband med moderat emetogen cancer kjemoterapi

Vilkår

  Behandlinga skal vere instituert i sjukehus, sjukehuspoliklinikk eller av spesialist i vedkommande disiplin.