​​Bakgrunn

Tedizolid (Sivextro) er indikert til vaksne for behandling av akutte bakterielle infeksjonar i hud og hudstruktur, og er eit nytt alternativ til pasientar som ikkje kjem i mål med penicillin/makrolidbehandling eller har infeksjonar forårsaka av patogen med resistens.

I head-to-head studier er det vist non-inferiority mellom 6 dagars kur med tedizolid og 10 dagars kur med linezolid. Tedizolid takast kun ein gong dagleg og inneber difor eit enklare regime, samanlikna med linezolids 2 daglege doseringar, også utover varigheit av kuren. I tillegg vert pasienten skåna for den ukentlege fullstendige blodtellinga som inngår i behandlinga med linezolid.

På bakgrunn av det forenkla doseringsregimet, og sparte monitoreringskostnadar vurderer Legemiddelverket at 8 % høgare pris for tedizolid versus linezolid er akseptabelt.

Frå tidlegare har tedizolid førehandgodkjend refusjon til palliativ behandling i livets sluttfase.

Les refusjonsvedtaket for Sivextro.

Refusjonsberettiga bruk

Alvorlege postoperative infeksjonar. Palliativ behandling i livets sluttfase.

Refusjonsvilkår

136: Refusjon ytast sjølv om legemiddelet skal brukast i mindre enn tre månader.