​​​Internasjonalt samarbeid er eitt av fem satsingsområde i strategien til Legemiddelverket. Medisinske produkt har ei global forsyningskjede, og me samarbeider tett i fleire europeiske nettverk. 

– Legemiddelverket bruker betydelege ressursar i internasjonale fora, og utviklinga av regelverket for våre område skjer gjennom det europeiske fellesskapet. Det internasjonale samarbeidet blir stadig utvikla, og stadig viktigare, seier direktør i Legemiddelverket, Audun Hågå.  

For å styrkje arbeidet, blir eit internasjonalt sekretariat no etablert ved Legemiddelverket. I tillegg til å koordinere arbeidet til Legemiddelverket på dette området, vil sekretariatet ha ein viktig rolle i den strategiske utviklinga.  

– Noreg blir verdsatt som ein påliteleg samarbeidspartnar på den internasjonale arenaen. Når koordineringa av det internasjonale arbeidet no blir styrka, skal me syrgje for å bli endå betre til å styre samarbeidet i riktig retning. 

Katrine Heier vil leie det internasjonale sekretariatet og vere kontaktperson for eksterne aktørar med spørsmål innanfor dette området. ​

​Fant du det du lette etter?