​Bakgrunn:

Trevicta (paliperidonpalmitat) er eit nytt alternativ til langtidsverkande depotinjeksjonsbehandling (LAI) ved schizofreni. Trevicta ein gong kvar 3. månad kan erstatte Xepilon (paliperidonpalmitat) som doserast månadleg. Effekten er vist samanliknbar med dagens alternativ, og kostnadseffektivitet vil difor avhenge av kostnadane forbunde med behandlinga samanlikna med komparator.

Kostnadane er lågare ved bruk av Trevicta samanlikna med Xeplion på alle ekvivalente styrkjer.

Trevicta har dessutan lågare legemiddelkostnadar enn dei andre depotinjeksjonane på marknaden med unntak av risperidon (Risperdal Consta), men heller ikkje her er skilnaden stor. Dersom administrasjonskostnadar reknast med, vil bruk av Trevicta medføre ei innsparing i alle tilfelle.

Les refusjonsvedtaket for Trevicta.

Refusjonsberettiga bruk:

Vedlikehaldsbehandling av schizofreni hos vaksne pasientar som er klinisk stabile på paliperidonpalmitat injeksjonspreparat til bruk ein gong i månaden.

​Fant du det du lette etter?