​​​Bakgrunn

Urizia er ein kombinasjon av tamsulosin og solifenacin som begge har førehandgodkjent refusjon frå tidlegare (til behandling av høvesvis benign prostatahyperplasi og urge-inkontinens). I ei kostnadsminimeringsanalyse viser søkjar at Urizia er eit rimelegare alternativ enn behandling med fri kombinasjon av 0,4 mg tamsulosin og 5 mg solifenacin.

Grunna ein pågåande revidering av refusjonsstatus av dei antimuskarine legemidla som kan endre føresetningane vedtaket byggjar på, og dimed refusjonsvedtaket sjølv, er refusjonen i fyrste omgang innvilga fram til 31.12.2016.

Les refusjonsvedtaket for Urizia.

Refusjonsberettiga bruk

Behandling av moderate til alvorlege symptom ved blærefylling (vannlatingstrang, auka vannlatingsfrekvens) og blæretømming forbunde med benign prostatahyperplasi hjå menn som ikkje i tilstrekkeleg grad svarar på monoterapibehandling.

Vilkår 

109: Refusjon ytast kun når det kan dokumenterast at pasienten har moderate eller alvorlege prostataplagar (IPSS>8) og behov for symptomlindring. Behandlinga skal evaluerast etter 6 månader og avsluttast om ønska effekt ikkje er oppnådd.