​Direktør

Har overordna ansvar for Legemiddelverket. Har overordna budsjettansvar og ansvar for måloppnåing. Blant oppgåvene til direktøren er å godkjenne større kontraktar, tilbakekalle marknadsføringsløyve, behandle klagesaker og kommunisere formelt med overordna myndigheit.

Assisterande direktør

Assisterande direktør godkjenner/avslår nye søknader og endringssøknader for marknadsføringsløyve, og fattar vedtak om unntak frå marknadsføringsløyve. Han godkjenner nye verkestoff og indikasjonsendringar for førehandsgodkjent refusjon. Han behandlar saker om ulovleg legemiddelomsetning.

Publisert: 22.09.2016