Sideinnhold
Verken veterinærar eller dyreeigarar har lov til å innføre/importere reseptpliktige legemiddel til bruk på dyr. Det er likevel lov til å bestille legemiddel som er reseptfrie i Noreg til bruk på dyr, frå godkjente internettapotek i EU/EØS-land. Regelen om at privatpersonar kan innføre legemiddel til ”eige bruk” gjeld ikkje ”eigne dyr”, men berre legemiddel til bruk for menneske. Har dyret vore med til utlandet og blitt satt på legemiddelbehandling der? Då kan du ta med deg resten av kuren dersom behandlinga ikkje er avslutta før du reiser heim.
Les meir om import og grossistverksemd.