​​​​Norske veterinærar har altså som hovudregel ikkje lov til å selje legemiddel, og systematisk sal av legemiddel frå dyreklinikkar er i strid med regelverket. Veterinærar kan likevel krevje å få dekt utlegg til legemiddel som er brukt under behandling eller som er utlevert til bruk inntil ein kan skaffe nødvendige legemiddel frå apotek, jf. legemiddellova § 17.

Dyrebutikkar har ikkje lov til å selje produkt som er klassifisert som legemiddel (jf. legemiddellova § 16 andre ledd). Det er likevel gjort eit unntak slik at dyrebutikkar kan selje einskilde legemiddel til akvariefisk​​​.

Legemiddelpris

Legemiddelverket fastsett apotekas maksimale utsalspris for reseptpliktig legemiddel til menneske. Legemiddel til dyr og reseptfrie legemiddel er ikkje prisregulert i Norge.

Medisinbytte i apotek

Ordninga med medisinbytte (generisk bytte) i apotek gjeld ikkje legemiddel som er skrivne ut til dyr, heller ikkje når ein har skrive ut humanpreparat til dyr. Bytte i apotek kan berre skje etter avtale med veterinæren som har skrive ut preparatet. Dersom apoteket ikkje har det aktuelle preparatet, men eit tilsvarande, må apoteket derfor konferere med veterinæren før utlevering.​​​

Publisert: 09.08.2016

​Fant du det du lette etter?