Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Hormonelle prevensjonsmiddel

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

  • : Samlet informasjon fra to undersider på denne siden. Avpubliserte de to undersidene.

Råd og informasjon om hormonelle prevensjonsmiddel.

Innhold på siden

    Anbefalte hormonelle prevensjonsmiddel

    Kvinner som skal starta med prevensjon blir tilrådde å velja p-stav eller hormonspiral. Dei gir svært godt vern mot graviditet og gir ikkje auka risiko for blodpropp. Kvinner ønskjer å bruke ei pille, er råda å velje ei østrogenfri p-pille.

    Det finst fleire typar prevensjon med hormon:

    Prevensjon som berre inneheld progestogen (gestagen):

    • P-stav
    • Hormonspiral
    • P-sprøyte
    • Østrogenfrie p-piller

    Prevensjon med østrogen og progestogen:

    • Kombinasjonspiller
    • P-plaster
    • Vaginalring

    DMPs anbefaling for kvinner som skal begynne med hormonell prevensjon

    Langtidsvirkande prevensjon (p-stav eller hormonspiral)

    Hormonspiral og p-stav gir svært godt vern mot graviditet. Ettersom dei ikkje inneheld østrogen, gir dei heller ikkje auka risiko for blodpropp.

    Ved val av p-stav skal implantatet plasserast rett under huda på innsida av den ikkje-dominante overarmen. Implantatet skal setjast inn over tricepsmuskelen ca. 8-10 cm frå den mediale epikondylen på humerus og 3-5 cm frå fordjuping mellom biceps- og tricepsmuskelen. Implantat som ikkje kan palperast skal berre fjernast av helsepersonell som har erfaring med dette.

    Østrogenfrie p-piller

    P-piller utan østrogen gir ikkje auka risiko for blodpropp hos friske kvinner, men gir noko oftare blødningsforstyrringar enn kombinasjonspiller.

    Sjekkliste til deg som føreskriv kombinasjonspreparat

    Alle p-piller med østrogen gir auka risiko for blodpropp. Kvinner som ønskjer ei kombinasjonspille, bør velja ei p-pille med østrogen og levonorgestrel eller ei p-pille med østrogen og norgestimat sidan desse kombinasjonane gir minst auka risiko for blodpropp.

    Det er utarbeidd ei sjekkliste som forskrivarar kan bruka for å kartleggja om kvinna bør bruka kombinert prevensjon.

    Det er også utarbeidd eit informasjonsark til kvinner som minner om symptom og teikn på djup venetrombose, lungeemboli og hjerneslag.

    Råd til kvinner som begynner med p-piller

    Prevensjonsmiddel og andre legemiddel som kan skrivast ut av helsesjukepleiarar og jordmødrer

    Helsesjukepleiarar og jordmødrer med nødvendig autorisasjon kan skrive ut alle typar prevensjon (ATC-gruppene G02 og G03): P-stav, hormonspiral, østrogenfrie p-piller, p-plaster, pr-ring og kombinasjon p-piller.

    Retten til å skrive ut slike legemiddel gjeld alle kvinner og er knytt til kompetanse og ikkje til arbeidsstad slik som tidlegare.

    I tillegg kan helsesøstrer og jordmødrer rekvirere til eigen praksis legemiddel som er nødvendige for å administrere prevensjonsmidla. Dette vil vere lokalbedøving og adrenalin til behandling av alvorlege allergiske reaksjonar.

    Sjå rundskriv frå Helsedirektoratet.

    Helsesjukepleiarar og jordmødrer skal i samråd med kvinna finne fram til den prevensjonen som er best egna i kvart enkelt tilfelle. Les kva hormonelle prevensjonsmiddel DMP tilrår lenger opp på denne sida.

    Dekking av utgifter til prevensjon

    Kvinner til og med månaden før fylde 22 år kan få dekt heile eller deler av utgifta til alle hormonelle prevensjonsmiddel, inkludert p-stav, hormonspiral og koparspiral.