Sideinnhold
Det finst tre slags avansert terapi:
- Genterapi: Overføring av nytt genetisk
materiale til menneske, for eksempel for å reparere eller kompensere for
eit defekt gen i ein bestemt type celler.
- Celleterapi: Celler som blir gitt til menneske for å
behandle ein sjukdom ved hjelp av cellene sin farmakologiske,
immunologiske eller metabolske verknadsmekanisme.
- Vevsterapi: Celler eller vev som blir gitt til menneske for å reparere eller erstatte eit humant vev/organ.
Eksempel på bruk av avansert terapi
Med avanserte terapiar kan ein behandle sjukdomar som vi ikkje kunne behandle tidlegare. Nokre eksempel:
- Genterapi der ein kompenserer for manglande evne til å produsere
enzym som bryt ned fettstoff i blodet. Ein kan då bruke eit virus som
«bodbringar» for å få det funksjonelle genet inn i muskelceller slik at
desse kan produsere enzymet. Det første genterapeutiske preparatet,
Glybera, blei godkjent i 2012.
- Dyrke bruskceller som vert sette inn i dårlege kne. Det er i dag godkjent to slike preparat på marknaden.
- Ta ut immunceller av kroppen og manipulere dei slik at cellene
kjenner att kreftceller, for så å sette dei inn att slik at dei kjempar
mot kreftsvulstar. Ei rekke slike behandlingsformer er under utvikling.
- Ta ut stamceller frå pasienten for å dyrke fram hornhinner eller
hud for transplantasjon i laboratoriet. Ei rekke slike produkt er under
utvikling.