Sideinnhold
Bakgrunn
Det følgjer av forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler m.m. at reseptpliktige legemiddel som i avgrensa mengde er unntatt reseptplikt, kan utleverast utan resept, jf. § 12-1.
Statens legemiddelverk understrekar at dei aktuelle legemidla er
reseptpliktige. Unntaket frå reseptplikt vert gitt etter avveging av føremonn og
uheldig verknad. Særlig vurderer ein den forenklinga reseptfridom medfører for
pasientane opp mot risiko for feilbruk. Pakningsstørrelsen har vore eit
vesentleg moment i risikovurderinga. På denne bakgrunnen har regelen om
mengdeavgrensing vore tolka slik at ein som hovudregel berre skal utlevere ein
pakning som er unnateke frå reseptplikt.
I mange situasjonar kan ei slik tolking verke lite føremålstenelig. Den enkelte
kan lett kjøpe fleire pakningar ved å oppsøkje fleire apotek eller andre
utsalsstader som sel slike legemiddel. Statens legemiddelverk er klar over
dette, men meiner likevel at det skal vere ei avgrensing av mengda legemiddel
som kan utleverast. Vi meiner at mengdeavgrensinga er ei viktig melding til
forbrukarane om at dei aktuelle legemidla må berre brukast over ein kort
periode.
Legemiddelverket
si vurdering
Legemiddelverket
tolkar reglane slik at apoteket vanlegvis berre skal selje eller utlevere ei
pakning som er unntaket frå reseptplikt. Legemiddelverket meiner likevel at
apoteka kan gjere unntak frå hovudregelen i det enkelte høve så lenge krava til
forsvarleg utlevering av legemiddel er oppfylte. Tilsette i apotek er i alle
tilfelle underlagt krava til å opptre forsvarleg i helsepersonellova. På bakgrunn av dette kan apoteka etter
grunngjeving frå den enkelte kunde selje eller utlevere fleire pakningar når
dette vert rekna som fagleg forsvarleg. Apoteket skal etter Legemiddelverket si
meining ikkje tilby pasientar å kjøpa fleire pakningar.
Apoteket
si plikt til aktsemd
Apoteka
har plikt til aktsemd ved all utlevering av legemiddel. Særleg
aktsemd gjeld til dømes ved:
- utlevering av legemiddel til mindreårige.
- fare for feil- eller misbruk.
- i tilfelle der apoteket kjenner til sjukdommen eller medisinbruken til pasienten og der visse reseptfrie medisinar kan virka særleg uheldig.
- medisinske tilstandar der apoteket vurderer at pasienten bør oppsøke lege på grunn av symptom som hovudverk som ikkje blir betre, sterke magesmerter, langvarig hoste eller høg feber.
Apoteket
skal ha rutinar
Legemiddelverket
legg til grunn at apoteket har rutinar
som sikrar at personalet er kjent med korleis avgrensingar i sal eller
utlevering skal praktiserast og den aktsemda
som apoteket skal vise ved all utlevering av
legemiddel. Driftskonsesjonæren har ansvaret for at rutinane til apoteket halder
krava i apoteklova. Den einskilde medarbeidaren har eit
sjølvstendig ansvar for å sjå til at legemiddel vert utleverte på ein
forsvarleg måte.
Medisinutsal
Retningslinjene
gjeld i utgangspunktet òg medisinutsal. Korleis medisinutsalet skal handtere
utlevering av legemiddel som i avgrensa mengde er unnateke frå reseptplikt må
gå fram av dei skriftlege retningslinjene som skal gjelde i medisinutsalet jf. apotekforskriften § 56. Til dømes kan desse
retningslinjene seie at berre visse legemiddel kan utleverast i større mengde.