Sideinnhold
COVID-19: Midlertidig stengte apotek må melde ifra til Legemiddelverket
Apotek melder frå til Legemiddelverket om opningstider i samband med søknad om apotekkonsesjon og ved alle seinare endringar i opningstidene. Melding om endring i opningstidene skal meldast på e-post til post@legemiddelverket.no.
Apoteket må se til at kundar og den lokale helsetenesta er godt informert ved kortvarig innskrenking av opningstida, for eksempel på grunn av høgtider eller ombygging av lokala. Apoteket må òg vurdere om redusert opningstid har mykje å seie for legemiddelforsyninga. Det avhenger av om andre apotek i nærleiken har ope og stenging av (alle) apotek i samband med langhelger (jul, påske) i område utan apotekvaktordning.
Når eit apotek vel å halde stengt julafta, nyttårsafta og/eller påskeafta kvart år, vert dette rekna som normal opningstid for apoteket. Apoteka skal ikkje søkje om å halda stengt på slike dagar, men den lokale helsetenesta og publikum skal på hensiktsmessig måte bli orientert om opningstidene, medrekna kortvarig stenging av apoteket..
Lovverk: apoteklova § 5-2 og apotekforskrifta § 25