Sideinnhold
Retten til å skrive ut slike legemiddel gjeld alle kvinner og er knytt til kompetanse og ikkje til arbeidsstad slik som tidlegare.
I tillegg kan helsesøstrer og jordmødrer rekvirere til eigen praksis legemiddel som er nødvendige for å administrere prevensjonsmidla. Dette vil vere lokalbedøving og adrenalin til behandling av alvorlege allergiske reaksjonar.
Sjå rundskriv frå Helsedirektoratet.
Helsesjukepleiarar og jordmødrer skal i samråd med kvinna finne fram til den prevensjonen som er best egna i kvart enkelt tilfelle. Les kva hormonelle prevensjonsmiddel Legemiddelverket tilrår.
Dekking av utgifter til prevensjon
Kvinner til og med månaden før fylde 22 år kan få dekt heile eller deler av utgifta til alle hormonelle prevensjonsmiddel, inkludert p-stav, hormonspiral og koparspiral.