Til hovedinnhold Direktoratet for medisinske produkter Direktoratet for medisinske produkter

Klage på forvaltningsvedtak

Publisert:

|

Oppdatert:

Endringer

  • : Oppdatert sida med nytt innhald.

Informasjon om klagerett og kva ei klage skal innehalde.

Innhold på siden

    Klagehøve

    Du har rett til å klage på vedtaket. Sjå forvaltningsloven § 28.

    Rettleiingsplikt og rett til å krevje grunngjeving

    Direktoratet for medisinske produkt har ei rettleiingsplikt. Sjå forvaltningsloven § 11.

    Dersom du meiner at vi ikkje har grunngjeve vedtaket vårt, kan du krevje grunngjeving før klagefristen går ut. Ny klagefrist blir då rekna frå dagen du mottar grunngjevinga. Sjå forvaltningsloven § 29.

    Korleis du klagar

    Du sender klagen til Direktoratet for medisinske produkt.

    Du kan sende klagen per e-post til post@dmp.no eller per brev til:
    Direktoratet for medisinske produkt
    Postboks 240 Skøyen
    0213 Oslo

    Merk e-post/brev med «klage» og vår referanse (saksnummer), som oppgitt i vedtaket.

    Klagen skal vere underteikna av deg eller din fullmektig eller vere elektronisk autentisert. Sjå forvaltningsloven § 32 og eForvaltningsforskriften §§ 4 og 11.

    Dersom du sender inn klagen per e-post, kan klagen signerast ved at det blir skanna inn underteikna fysisk klage eller ved bruk av programvare for å signere elektronisk.

    Dersom du signerer på vegner av eit selskap, stadfestar du med signaturen din at du har signaturrett på vegner av selskapet.

    I klagen skal du vise til vedtaket som du påklagar og endring(ar) du ønskjer i vedtaket. Du bør nemne grunnar for at vi skal endre vedtaket. Du kan også sende med dokumentasjon og kome med eventuelt andre opplysningar som kan ha betydning for vurderinga av klagen.

    Klagefrist

    Klagefristen er tre – 3 – veker frå dagen du har motteke vedtaket.

    Dersom du klagar for seint, kan vi avvise klagen. Sjå forvaltningsloven §§ 29 – 31.

    Utsatt iverksetjing

    Utgangspunktet er at verknadene av eit forvaltningsvedtak trer i kraft frå det tidspunktet vedtaket er fatta og meddelt parten. Det kan likevel vurderast å gi utsatt iverksetjing av vedtaket, sjå forvaltningsloven § 42.

    Dersom du ønskjer utsatt iverksetjing av vedtaket, kan du sende inn begjæring om dette innan klagefristen. Du bør nemne grunnar for at vedtaket ikkje skal iverksettast før ei eventuell klage er ferdig behandla.

    Klageinstans

    Dersom vi anser at vedtaket skal oppretthaldast, vil vi oversende klagesaka til Helse- og omsorgsdepartementet.

    Rett til å sjå sakens dokument

    Med visse avgrensingar har du rett til å sjå dokumenta i saka. Sjå forvaltningsloven §§ 18 og 19. Dersom du ønskjer innsyn, må du ta kontakt med Direktoratet for medisinske produkt og presisere kva dokument du ønskjer innsyn i.

    Fritt rettsråd

    Dersom du som enkeltperson oppsøkjer juridisk bistand for klagen din, kan du søkje om å få dekt utgiftene til dette ved fritt rettsråd. Statsforvaltaren har meir informasjon om dette. Sjå rettshjelpsloven § 11.

    Sakskostnader

    Dersom vedtaket blir endra til gunst for deg etter klagen din, vil du kunne ha rett til å få dekt vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket. Dette vil typisk vere utgifter til advokat/retthjelpar. Eit krav om sakskostnader må settast fram seinast tre veker etter at du har motteke det nye vedtaket. Sjå forvaltningsloven § 36.

    Klage til Sivilombodet

    Dersom du meiner at vi har behandla saka di på ein feil eller uforsvarleg måte, kan du etter å ha nytta alle klagehøva dine klage til Sivilombodet. Fristen er eitt år etter endeleg vedtak i saka.